LAPUA CUP

REGLAR

Visjonen for cupen.

Alle lag i Hardanger og Voss, Sunnhordland og Hordaland Skyttarsamlag er herved invitert til å delta på årets sesong med LapuaCup på 15 meter.
Målet må vera å få flest mogleg (forhåpentligvis alle) laga med, og med dette skapa eit tilbod for alle.
Ikkje minst til dei som kanskje ikkje reiser rundt på stemner elles.

Slik føregår cupen:

All skyting føregår på heimebane på 15 meter, det vert halde 6 kvalifiseringsrundar.
Du må ha deltatt på minst 4 rundar for å stå til finale.

Skytinga føregår på vekedagar i terminfesta veker, men dersom det er hensiktsmessig for å få alle klassar med på cupen, kan fleire dagar i den aktuelle veka nyttast.
Resultat frå opne stemner kan ikkje telja i cupen.
Det er viktig at laga opptrer rettvis for at opplegget skal fungera.

For at resultatet skal verta teljande, må det være minst to stk tilstades.

Resultatservice/innsending:

Resultat skal rapporterast inn seinast sundag i same veka det vert skote, helst fredag.
Det er viktig at ALLE køyrer cupskytingane via stemnestyring (eks. Leon) og sender vedlagt .xml-fila som til vanleg vert importert til "mitt Dfs" (Resultatserviceprogrammet aksepterer kun dette).

Alle resultat skal sendast til følgjande mailadresse: lapuacup-hardangervoss@outlook.com

Skyteprogram/reglar

Det skal skytast ein 35-skot med "utandørsprogram", 25-skot for Nybegynner Ung, Nybegynnar Vaksen, Kikkert og kl. 1.
Alle skal skyta i den klassen dei er kvalifisert for på innendørsskyting fom. 1. oktober 2023.

Alle skyttarar tilhøyrande dei inviterte laga kan delta.
Skyttarane står fritt til å delta hjå eit av nabolaga dersom det er hensiktsmessig eller at ditt eige lag ikkje arrangerer cupen.
Alle klassar kan delta, men det er ingen finaleskyting for Nybegynner Ung.
Oppmodar laga til sjølv å arrangere en premieutdeling for denne klassen.

Resultat frå innleiande rundar finn du på denne heimesida under "Resultat".
Facebooksida til "Lapua Cup Hardanger og Voss" oppdaterer dere og med resultat og nyttig info vedr. cupen.
Fint om ein og kan dele bilder frå skytingane her, kvar einaste veka.
Cupen er og på Instagram som "lapuacup".

Finale:

Detaljert info og program for finalen kjem når det nermar seg.
Finalen består av eit 25-skots program, der dei beste går vidare til ein "superfinale".
Finalen blir arrangert med "brask og bram

Innskot:(eingongssum)

Kl. 1-5, Veteran, NV og KIK: 300,-
R, ER, J og EJ: 150,-
Nybegynner Ung: 100,- (alt til premiering).
Innbetaling LAGVIS til følgjande konto innan 10. desember 2023 (etter 3. runde): 3530.32.57002.
Merk innbetalinga "Lapuacup 2023-24".

Premiering: (innleiande)

For å stå til premie, må ein ha delteke på 4 av dei 6 innleiande rundane, premiering vert berekna ut ifrå sluttlistene i dei ulike klassane.
Nybegynner Ung: Alle får gjenstandspremie.
R/ER/J/EJ: 1/2 får premie.
Kl. 1-5, NV, Veteran og KIK: 1/3 får premie.

Rangeringsreglar:

Ved poenglikheit ifm. premiering og finaleskive vert det rangert etter innertiarregelen.
Dersom en fortsatt er lik, vert den med det beste enkeltresultatet vinnar.

Terminfesta cup-veker:

1. runde: Veke 44 (30. oktober - 05. november 2023)
2. runde: Veke 46 (13. november - 19. november 2023)
3. runde: Veke 49 (04. desember - 09. desember 2023)
4. runde: Veke 50 (11. desember - 17. desember 2023)
5. runde: Veke 1 (01. januar - 07. januar 2024)
6. runde: Veke 2 (08. januar - 14. januar 2024)

Merk:
Mellom runde 2 og 3 er det 3 veker,
mellom runde 3 og 4, og runde 5 og 6 er det 1 veke.
Finale: Miniatyrbanen i Vangdalsåsen lørdag 27. januar 2024 med forbehold om endringar.

Påmelding:

Lag som ynskjer å delta, sender tilbakemelding på mail til: lapuacup-hardangervoss@outlook.com innan søndag 29. oktober 2023.